06.07.2008 | >> Verdensarv
Navigering
Information in english



Verdsarven Vestnorsk fjordlandskap

VerdsarvenKommunevaapen

Kommunane Aurland, Lærdal, Vik, Voss, Norddal og Stranda

Velkomen til Vestnorsk Fjordlandskap

Under UNESCO sin 29. verdensarvkomitémøte i Durban i Sør-Afrika vart det den 14.07.2005 vedtatt å innskrive Geiranger- og Nærøyfjorden med omgjevnader på World Heritage List, oversikten over verda sine mest viktige kultur- og naturarv. Det er dei framståande geologiske verdiane og det unike vakre landskapet som har ført til at Norge har fått sitt første naturarvområde på den prestisjefylte lista.

I grunngjevinga for innskrivninga uttaler Verdensarv-komiteen bl.a. anna; 
Vestnorsk fjordlandskap er klassiske, framifrå velutvikla fjordar, og vert rekna for å vere  typelokalitet for fjordlandskapa i verda. Storleiken og kvaliteten på desse fjordane kan samanliknast med  andre fjordar på Verdsarvlista, og dei utmerkjer seg med sine klimatiske og geologiske tilhøve. Området  syner alle element av landformer knytt til dei indre delane av to av dei lengste og djupaste fjordane i verda.

Nærøyfjord- og Geirangerfjordområda vert rekna mellom dei framifrå vakraste  fjordlandskapa på kloden. Deira unike naturvenleik kjem av dei tronge dalgangane med bratte krystallinske bergsider som strekkjer seg frå 500 m under vassflata til 1400 meters høgde over Norskehavet. Eit utal fossar kastar seg utfor dei stupbratte fjellveggane, medan talrike frie elvar renn frå takkete fjell, brear og bresjøar, gjennom lauv- og barskog, og ned til fjorden. Eit stort mangfald av andre naturfenomen på land og i vatn med m.a. undersjøiske morenar og sjøpattedyr, forsterkar naturopplevinga. Restar av eldre, no for det meste nedlagde gardsbruk og stølar, tilfører det dramatiske naturlandskapet ein kulturell dimensjon som utfyller og aukar den samla verdien av området.

Vestnorsk fjordlandskap ligg på kvar si side av den mektige Jostedalsbreen. Området omfattar kommunane Aurland, Lærdal, Vik og Voss, samt Norddal og Stranda.

Information in englishWest Norwegian Fjords



Relaterte sider

Pressemeldinger

 

Innstilling frå IUCN - (engelsk tekst)
Newsletter August 2005
Informasjon om den 29. Verdsarvkomitéen sitt møte i Sør-Afrika juli 2005.


Nyheter
Søk i artiklane
    
Verdensarv
Web av Journal