Geirangerfjorden • Nærøyfjorden

Formidlingsoppgåve


Geirangerfjorden i vinterdrakt. Foto: Finn Loftesnes


Utsyn Bakkanosi, Nærøyfjordområdet. Foto: Finn Loftesnes

Formidling er ein grunnleggande verdi i UNESCO sitt arbeid, og temaet har høg prioritet i verdsarvområda. Formidling har ein nøkkelfunksjon både i bevaringsarbeidet og med omsyn på å skape ny aktivitet som bidreg til ei positiv utvikling i området.

 

Det fins store mengder informasjon om verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap tilgjengeleg. Ei rekkje undersøkingar og ugreiingar innan ulike fagfelt er dokumentert skriftleg, i tillegg er det skrive mange bøker og artiklar om området, mellom anna om folket på fjord- og hyllegardane, men og flotte naturskildringar og dokumentasjon av seterkulturen finst på marknaden i dag. Historieforteljing og formidling er sterkt forankra i desse kjeldene.

 

Den beste formidlinga skjer alltid på staden der det som skal formidlast fysisk finst. Fokuset i formidlinga av verdsarven Vestnorsk fjordlandskap ligg sjølvsagt på dei natur- og kulturkvalitetane som ligg til grunn for verdsarvstatusen og dannar soleis utgangspunktet for alt formidlingsarbeid.

 

Vestnorsk fjordlandskap har starta ei rekkje formidlingsoppgåve etter at området vart innskriven på UNESCO si liste over verdas naturarv. Informasjonssenter er opna, brosjyrer og informasjonstavler er utvikla og tavlene er utplassert på strategiske informasjonspunkt. Sekretariatet har i tillegg sidan oppstarten drive eit svært aktivt formidlingsarbeid gjennom ulike oppdrag som foredrag om verdsarvområdet, faglege innlegg, informasjonsrundar til skular, organisasjonar og lokalbefolkning, men og talar med verdsarv som tema er eksempel på viktige formidlingsoppdrag.

Leiarskifte i Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap

På rådsmøtet i Flåm den 27.11.09 vart følgjande skifte i leiarskapet av Verdsarvrådet for verdsarven Vestnorsk fjordlandskap for perioden 2010 – 2011 vedtatt: Leiar: Bjørn Inge Ruset, til dagleg ordførar i Norddal kommune (Arbeiderpartiet) er vald ...

Les meir


UNESCO