
Opplev fossefalla og regnbogen i Geirangerfjorden! Foto: Finn Loftesnes

Eller den tronge og djupe Nærøyfjorden! Foto Finn Loftesnes
Vestnorsk fjordlandskap representert ved Geirangerfjordområdet og Nærøyfjordområdet er eit av dei beste døma i verda på fenomenet fjord og er ein del av det mest utprega fjordlandskapet i verda. Landskapet er rikt på kontrastar, med eit unikt samspel mellom naturlandskap og kulturlandskap. Det er stor spennvidde mellom fjord og fjell som gir eit variert bilete av fjordfenomenet med sine særmerkte formasjonar, levande geologiske prosessar, og kontrastar frå strandline med mildt klima, til høgfjell med brear og evige fonner.
Opplev dette unike landskapet saman med oss!



