
Aurlandsfjord, Nærøyfjordområdet. Foto: Finn Loftesnes

Geiranger i vinterdrakt. Foto: Finn Loftesnes
Som del av oppfølginga av innskrivinga av Vestnorsk Fjordlandskap på UNESCO si liste over verdsarven vart Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap formelt nedsett 31. januar 2006.
Verdsarvrådet har som oppgåve å bidra til ei utvikling i områda som er i tråd med intensjonen for verdsarv. Rådet skal bidra til naudsynt samarbeid og informasjonsutveksling mellom lokale, regional og nasjonale aktørar i dei to delområda. Rådet har som intensjon å være ein viktig arena for diskusjon, rådgjeving og avklaring i saker som kan ha betydning for oppfylging av verdsarvstatusen som tildelt Geirangerfjord- og Nærøyfjordområdet i fellesskap. Medlemmar av rådet er alle ordførarane i vertskommunane Stranda, Norddal, Aurland, Lærdal, Vik og Voss, vidare er fylkesdirektør og fylkesordførar i M&R fylke, samt fylkesmennene og fylkesordførarane i S&F og Hordaland representert. Statsparten representert ved Miljøverndepartementet (1 repr.), Direktoratet for naturforvaltning (1 repr.) og Riksantikvaren (1 repr.) har tale, men ikkje stemmerett i Verdsarvrådet.



