

World Heritage List, eller Verdsarvlista, vart etablert i 1972 av UNESCO (FN sin organisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon). Lista har som mål å verne om verda sin kultur og naturarv. Av alle internasjonale miljøvernkonvensjonar er Verdsarvkonvensjonen den som har størst utbreiing i verda. World Heritage List (WHL) eller Verdsarvlista er ei oversikt over verdsarvobjekt (kultur- og naturområde) i medlemslanda. Lista blir supplert kvart år etter som nye område vert påvist og nominert. På lista finn ein verdskjende område som Grand Canyon, Galapagos øyane og Yellowstone nasjonalpark. Noreg fekk sine første to nominasjonar ført opp på UNESCO si Verdsarvliste allereie i 1979: Bryggen i Bergen og Urnes Stavkyrkje. Andre norske objekt på Verdsarvlista er: Bergstaden Røros, Helleristningsfeltet i Alta og Vegaøyane. Alle desse stadene er kulturobjekt og Noreg fekk sin første naturarv Vestnorsk fjordlandskap innskrevet 14.07.05, under det 29. komitémøtet i Durban i Sør-Afrika.



