Geirangerfjorden • Nærøyfjorden

Områdeskildring Vestnorsk fjordlandskap


Nærøyfjorden. Foto: Fjord Norge


Geirangerfjorden. Foto: Fjord Norge

Fjordar er mellom dei mest dramatiske og spektakulære landskapa på kloden.

Verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap femnar delar av dei lengste, djupaste, smalaste og vakraste fjordane i verda. Dette er område med eit natur- og kulturinnhald som har trollbunde besøkande til alle tider. Av mange er desse fjordane rekna som sjølve symbolet på Noreg, det fremste fjordlandet i verda. Så er også det norske ordet ”fjord” del av det internasjonale språket.

 

Verdsarvområdet består av to delområde; Geirangerfjordområdet og Nærøyfjordområdet. Til saman med omgjevnader utgjer områda 1227 km2, der 107 km2 er sjøareal.

 

Innafor naturvitskapen vert dei to fjordområda rekna som klassiske døme på denne typen landskap. Med store høgdeskilnader og kort veg mellom sjø og høgfjell er naturmangfaldet stort. Begge delområda er utan større tekniske inngrep. Dei naturlege geologiske prosessane knytt til danning og utvikling av fjordar er ikkje påverka av menneskeverk. Samla har områda kvalitetar som gjer at dei er førte opp på UNESCO-lista over verdas kultur- og naturarv etter å ha oppfylt to av dei naturfaglege kriteria i konvensjonen.

Leiarskifte i Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap

På rådsmøtet i Flåm den 27.11.09 vart følgjande skifte i leiarskapet av Verdsarvrådet for verdsarven Vestnorsk fjordlandskap for perioden 2010 – 2011 vedtatt: Leiar: Bjørn Inge Ruset, til dagleg ordførar i Norddal kommune (Arbeiderpartiet) er vald ...

Les meir


UNESCO